Ein nasjonal helsepolitikk

Det er bra at regjeringa styrer og ser Sjukehus-Noreg i samanheng. Men definisjonen av eit lokalsjukehus er framleis fråverande.

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

Etter lang tids strid og krangel har regjeringa avgjort sjukehusstriden i Sogn og Fjordane. Det er bra, endå om resultatet medfører misnøye både i Indre Sogn og i Nordfjord. Det viktigaste er likevel at avgjerda vart flytta frå Helse Førde og opp til nasjonalt nivå, der ho retteleg høyrer heime.

Slike vanskelege saker skal ikkje overlatast til styremedlemmene i eit alltid pengemanglande Helse Førde, som korkje har fullmakt eller mandat til å sjå fylkets helsetenester i samanheng med tilbodet i Møre og Romsdal og Hordaland. Det er tvert om ei politisk sak for dei som styrer landet. Avgjerda på regjeringsnivå er, får vi tru, basert på eit heilskapssyn, der til dømes fødeavdelinga i Volda blir næraste alternativ for mange fødande nordfjordingar. Det treng ikkje bli så ille.

Den nye Kvivsvegen – med offisiell opning i 2012 – legg til rette for ei slik nyordning.

Vedtaket i regjeringa er langt på veg i samsvar med det tidlegare framlegget frå Helse Vest. Fødetilboda i si noverande form blir avvikla både i Lærdal og på Eid. I staden kan dei to sjukehusa bli oppsette med jordmorstyrde fødestover. Vidare skal både Eid og Lærdal ha indremedisinske akuttfunksjonar, i tillegg til avdelingar for barselomsorg med følgjeteneste for dei gravide. Endeleg ligg det i vedtaket at både Eid og Lærdal skal ha døgeropne avdelingar for laboratoriumtenester og røntgen.

For Senterpartiet– og Liv Signe Navarsete er dette eit nederlag, men skaden er kanskje ikkje så stor som Kjersti Toppe vil ha det til. Det har vore vanskeleg å rekruttera legar til fødeavdelinga i Lærdal, og fleire fødande i området har føretrekt ein tur til Voss. Med ny veg frå Nordfjord og nordover vil Volda for mange nordfjordingar bli eit godt alternativ, med ei meir robust og fagleg sterk fødeavdeling.

Men avgjerda helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen presenterer, er ikkje fullgod. Ho legg rett nok 75 ekstramillionar på bordet, og ho inviterer dei to sjukehusa til – i tråd med tilrådinga frå Helse Førde – å etablera såkalla lokalmedisinske sentra. Og ho opererer ut frå ei regjeringsfråsegn som seier at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Men korkje Strøm-Erichsen eller regjeringa har vore villig til å definera kva eit lokalsjukehus er – eller skal vera i framtida.

Den definisjonen må helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen gje oss når ho seinare i år skal presentera den lenge etterlengta Nasjonal helse- og omsorgsplan. I motsett fall blir det nokså vanskeleg å veta kva denne planen vil bety i praksis.

Synspunkt? Sei di mening her.

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

Siste Kommentarer

Faktafeil

Den nye Kvivsvegen har lite eller ingenting å bety...Les mer

Faktafeil

Nordfjording med kunnskap (uregistrert bruker) 02. apr, 21:30
Den nye Kvivsvegen har lite eller ingenting å bety for nordfjordingar sin nærleik til fødeavdeling. Med unntak av Hornindal kommune vil ALLE andre kommunar i Nordfjord få lenger veg til fødeavdeling etter nedlegginga på Nordfjord sjukehus. For fire av seks kommunar i Nordfjord vil det faktisk vere ein omveg å ta Kvivsvegen framfor Stigedalen (og ferje Folkestad-Volda). Likevel skriv Bergens Tidende, Adresseavisen og Aftenposten at Kvivsvegen er eit viktig argument for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus. I beste fall er dette elendig research.

Din kommentar



Uregistrert Uregistrerte innlegg modereres

3 mest leste artikler »

FMC Technologies i stor vekst

I løpet av de siste 20 årene har selskapet utviklet og installert produksjonssystemer på mer enn 400 brønner i Nordsjøen.
På denne måten har de gjort det mulig å utvinne olje og gass på havbunnen i stedet for på tradisjonelle plattformer.
I dag foregår en tredjedel av produksjonen på norsk sokkel med høyteknologisk undervannsutstyr.

Siste lokalt

Søk i skattelistene

Søk i skattelister

NRK1

Kan ikke laste TV-programmet

NRK2

Kan ikke laste TV-programmet

Fotball

Lukk vinduet