Full utskifting i Trekantsambandet

Vegdirektoratets kritikk av pengebruken i Sunnhordland bru- og tunnelselskap fører til at alle viktige prådrivarar for Trekantsambandet snart er ute i kulda.
Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder
Hovudeigar Hordaland fylkeskommune har kravd full utskifting av styret, med Harry Herstad i spissen. Dagleg leiar, stortingsrepresentant Øyvind Halleraker har bestemt seg for å tre tilbake. Og no trekkjer også kontorleiar Astrid Solnes seg. Ho har hatt ei sentral rolle i selskapet sidan 1999, to år før veganlegget opna.

- Med dei føringane som Hordaland fylkeskommune no har lagt for selskapet, mellom anna at vi ikkje skal ha oppdrag for andre prosjekt, gjer at jobben ikkje lenger er like interessant for meg, seier Astrid Solnes til Bergens Tidende.

«Politisk styggeskap»
- Ein katastrofe at ho sluttar. Vegdirektoratet sin kritikk mot selskapet framstår som ryddig samanlikna med eigaren av selskapet, Hordaland fylkeskommune sin infame kritikk, innpakka i politisk styggeskap, seier avtroppande styremedlem Aksel Kloster.

Eksordføraren i Kvinnherad siktar til granskingsrapporten til ad hoc-utvalet i fylkeskommunen, som fører til ekstraordinær generalforsamling i Sunnhordland bru- og tunnelselskap AS 28.februar.

- Offer for direktoratets strategi
Avtroppande styreleiar Harry Herstad seier seg lei for den kompetansen som selskapet tapar i og med Astrid Solnes sin avgang 1.mars.

- Selskapet kjem no opp i ein svært vanskeleg situasjon driftsmessig. Det krev sitt å ta seg av alle kundane våre, trafikantar og andre, på ein trygg og god måte, seier Herstad.

- Det har vore eit generasjonsskifte i fylkeskommunen, som diverre er blitt eit lett byte for Vegdirektoratet sin strategi, seier Harry Herstad.

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

Bilder

  • UTSKIFTING: Hovudeigar Hordaland fylkeskommune har kravd full utskifting av styret, med Harry Herstad i spissen.

3 mest leste artikler »

1032 navn fra Bergen:

På forsiden nå

Søk i skattelistene

Søk i skattelister
Lukk vinduet